søndag 16. mars 2014

Mariusgenser

Strikkeinfo:  Strikka i Drops Merino Extra Fine på pinner 3 og 3,5. Størrelse 8 år.

tirsdag 18. februar 2014

Babysko


På strikkesida på Facebook er det alltid nye tips å få. Då eg såg lenke til dette blogginnlegget tenkte eg at dette må prøvast:) Fine, enkle og raske og lage.





Strikkeinfo: strikka i Peer Gynt på pinne nr 3.

lørdag 1. februar 2014

lørdag 25. januar 2014

Hals

Har strikka hals til M. Eg har brukt dette mønsteret frå Marte Helgetun som utgangspunkt, men eg har justert litt på det slik at den passar til ei jente.



Strikkeinfo:
Strikka i Viking Alpaca, brukte 400 gr.
Pinnenr 5.

søndag 12. januar 2014

Pulsvarmarar

Har brukt litt restegarn og strikka pulsvarmarar. Eg brukte mønsteret som står i Marius-strikkeboka.


Strikkeinfo:
Strikka i sterk frå Du store alpakka
Pinnenr 2.5

lørdag 11. januar 2014

Garnkjøp

Har kjøpt inn garn til to nye prosjekt i dag. Har faktisk aldri strikka med garn frå Viking før, men gler meg til å prøve.

fredag 10. januar 2014

Babyskjerf

Eg har fleire gonger strikka skjerf som ein del av ei lita velkomen til verda-gåve. Mønsteret eg brukar er dette frå www.garnstudio.no. Eg synest desse er veldig kjekke, og har strikka slike til mine eigne born også. No har eg strikka eit nytt til ei lita jente som snart skal bli født :)
 
Strikkeinfo:
Strikka i Dale babyull farge 0020
Strikkepinnenr 2,5